Kjell Aukrust

norsk forfattar og illustratør From Wikipedia, the free encyclopedia

Kjell Aukrust

Kjell Aukrust (19. mars 192024. desember 2002) var ein norsk teiknar og forfattar frå Alvdal i Hedmark.

Kjappe fakta
Kjell Aukrust
Thumb
StatsborgarskapNoreg
Fødd19. mars 1920
Alvdal kommune
Død

24. desember 2002 (82 år)
Oslo

Yrkeskribent, kunstmålar, illustratør, teikneserieskapar, manusforfattar
Språknorsk
FarLars Olsen Aukrust
Kjell Aukrust på Commons
Lukk

Han var utdanna frå Kunst- og handtverksskulen. Etter krigen arbeidde han i ei tid som avisteiknar i Vårt Land, og vart snart etablert som ein særprega yrkesteiknar.

Kjell Aukrust debuterte med Simen i 1958, og det vart sidan ei rad bokutgjevingar. Bøkene er vortne filmatiserte med stor suksess. Filmen Flåklypa Grand Prix er mellom dei største suksessane i norsk filmhistorie. I 1998 vart teiknefilmen Solan, Ludvig og Gurin med reverompa sett opp på kinoane over heile landet. Dette var den første heilaftans norske teiknefilm nokonsinne. Stykket Krokryggen hadde premiere på Det Norske Teatret i Oslo den 28. februar 1998.

Kjell Aukrust vann Brageprisen sin heiderspris i 1999.

Kjell Aukrust er mellom anna representert i Nasjonalgalleriet og Museet for Samtidskunst. Aukrust-Senteret i Alvdal er i sin heilskap via kunstnaren sitt livsverk. Ei ny Aukrust-utstilling opna 1. oktober 2001 i Skimuseet i Holmenkollen. Utstillinga viste Kjell Aukrust, både som teiknar, forfattar og målar.

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.