Kjemisk absorpsjon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kjemisk absorpsjon viser til opptak av gassar eller væsker (kalla absorbentar) i eit anna stoff (absorbator). Det blir særleg brukt om løysing av ein gass i ei væske. Ved absorpsjon blir molekyla frå absorbenten fordelt jamnt overalt i absorbatoren. Ein prosess der gassen eller væska berre legg seg på overflata, slik at dei lett kan skiljast ut att, blir kalla adsorpsjon.
Absorpsjons-koeffisienten fortel kor mykje av ein gass ein viss væskemengd kan ta opp. Gassmengden som kan absorberast veks med aukande trykk, jamfør Henrys lov. I kjemiteknikk nytter ein absorpsjon mellom anna til å fjerna ureinande gassa, til dømes SO2 frå avgassar.
Remove ads
Sjå og
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads