Kjempekolibri

fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia

Kjempekolibri
Remove ads

Kjempekolibri (Patagona gigas) er den største kolibriarten, totallengda er opp mot lengda til ein star. Han finst i Andes, frå Ecuador i nord ned til sentrale Chile og Argentina i sør. Dette er einaste arten i slekta Patagona.

Kjappe fakta

Habitata ligg i páramo økosystem, tørt halvopent terreng, i skogkantar ved jordbruksområde og i hagar i høgder frå 2000 til 4300 moh.

Thumb
Teikning av kjempekolibriar.

Kjempekolibrien er ca. 20 til 21 centimeter lang frå nebbspiss til halespiss og veg om lag 18-20 gram. Han er kjenneleg på storleiken, men i flukt kan han somme tider forvekslast med andesseglar. Han kan ha slå uregelmessige vengeslag avbroten av korte glideflukter. Når han 'stiller' i lufta nyttar han kraftfulle vengeslag i relativt låg frekvens. Kjempekolibrien har gråbrun overside, raudbrun underside og har kvitt på overgump og undergump. Kjønna er nesten like, men hofuglen har noko mindre styrke i fargene og mindre lyst område på oversida. Nebbet er nesten rett og ca. 4 cm langt.

I Bolivia er kjempekolibrien kjent som burro q'enti. Det spanske ordet "burro" refererer til den kjedelege, relativt lite iaugefallande fjørdrakta denne arten har samanlikna med fjørdrakta til andre kolibriartar, som til dømes den kometkolibrien kan vise fram.

Remove ads

Kjelder

  • Artikkelen Giant Hummingbird på engelsk Wikipedia, lesen 22. januar 2009
  • Schulenberg, T., Stotz, D. Lane, D., O'Neill, J, & Parker, T. Birds of Peru. Christopher Helm, London. (2007) ISBN 978-0-7136-8673-9
  • Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads