Kjetil Rekdal
norsk fotballspelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kjetil André Rekdal (fødd 6. november 1968) er ein norsk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar. Han er i dag trenar for Ham-Kam.
Han trena Vålerenga frå 2001 til 2006 og er den trenaren som var tilsett lengst i klubben. Han gjekk så til Lierse, før han byrja å trene Kaiserslautern, der han fekk sparken 9. februar 2008.
Remove ads
Aktiv spelar
Som aktiv fotballspelar spela han på midtbanen. Han har spela 83 landskampar i perioden 1987 til 1998. Han blir m.a. hugsa for utlikningsmålet på Wembley mot England i VM-kvalifiseringa i 1992, men særleg for sigersmålet (straffespark) mot Brasil i VM i 1998 som gav Noreg plass i åttandedels-finalen.
Han spela nokre kampar dei første åra som trenar.
Karriere som spelar
(oppdatert 9. februar 2008)
Karriere som trenar
- Oppdatert 8. mai 2013
Som trenar for Vålerenga, vann Rekdal seriegull i sesongen 2005. Rekdal valde å forlate klubben i august 2006, etter eige utsegn fordi han «ikkje gidd å dra heile landet rundt for å verte pissa på.» I sesongen 2006/07 hadde Rekdal eit mislukka forsøk på å redde belgiske Lierse frå nedrykk. Sidan 2008 har han vore trenar for Ålesund FK, og høgdepunktet i Ålesund er cupcullet frå 2009, då Ålesund slo Molde på straffer i finalen.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads