Knirkestemme

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Knirkestemme eller laryngalisering er ei form for fonasjon (måte å bruke stemmebanda på) der pyramidebruskane i strupehovudet blir drege tettare saman enn normalt og stemmeleppene blir stramma ekstra opp. Det gjer at gjennomstrøyminga av luft blir lågare og vibrasjonsfrekvensen går ned til omkring 2050 Hertz (pulsar per sekund). Samtidig blir trykket under strupehovudet høgare, slik at energien i kvar stemmeleppeopning er høgare enn normalt. Resultatet blir ein «knirkande», sagliknande lyd.

Knirkestemme kan brukast ekstralingvistisk, for eksempel for å signalisere at ein er trøytt og sliten, eller det kan ha ein tydingsskiljande funksjon.

Remove ads

Sjå også

  • Luftfylt stemme

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads