Kognitiv lingvistikk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kognitiv lingvistikk er ei samnemning for ei rekkje lingvistiske teoriar som har vakse fram sidan 1980-talet. Ordet kognitiv kan i denne samanhengen definerast som mentalistisk og interaktiv:
- At kognitiv lingvistikk er mentalistisk, tyder at han der basert på kognitiv psykologi i motsetnad til behavioristisk psykologi. Kognitiv psykologi reknar – i motsetnad til behavioristisk psykologi – med eksistensen av ein eit sinn eller ein hug (engelsk mind), og reknar dette sinnet som det primære studieobjektet sitt.
- At kognitiv lingvistikk er interaktiv, tyder at han er ikkje-modulær. Ein tek som arbeidshypotese at oppbygnaden av språket kan beskrivast eller forklarast uttømande på grunnlag av meir allmenne fenomen, i fyrste rekkje allmenne psykologiske prinsipp.
Remove ads
Hovudretningar av kognitiv lingvistikk
Mellom dei viktigaste retningane av kognitiv lingvistikk reknar vi desse:
- Kognitiv grammatikk.
- Kognitiv metaforteori.
- Kognitiv semantikk.
- Konstruksjonsgrammatikk.
- Teorien om mentale rom.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads