Kollektiv bruk av eintal
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kollektiv bruk av eintal er når ei samling av einsarta ting eller individ vert sedd på under eitt og difor avmerkt med eintalsform av substantivet. Kollektiv bruk av eintal finst særleg ved teljing, t.d. 10 fot, 100 mann, 20 mil, to sneis, fem prosent, men òg elles, t.d. «Det finst ikkje orm på New Zealand».
Ei særskild kollektivform har ein i ordet høns. På dansk finst slike særskilde kollektivformer ved fleire ord.
Remove ads
Kjelder
- Olav T. Beito: Nynorsk grammatikk 2. utg. 1986 ISBN 82-521-2801-7
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads