Kolpino
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kolpino (russisk Ко́лпино) er ein by i Kolpinskij-distriktet i Sankt Petersburg i Russland med om lag 145 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Izjora, ei sideelv til Neva, rundt 25 km søraust for sentrum av St. Petersburg.
Kolpino vart grunnlagd tidleg på 1700-talet. Han fekk bystatus i 1912. Kolpino var eit av dei viktigaste jernverka til den russiske krona og eit jernstøyperi som høyrte til den russiske marinen låg òg i byen
Eit heilag bilete av St. Nikolas i Treeiningskyrkja vert vitja av mange pilegrimar den 22. mai kvart år.
Næringslivet består for det meste av mekanisk industri og den største verksemda i byen er Izjorsky Zavod.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads