Komsomoletsøya

From Wikipedia, the free encyclopedia

Komsomoletsøyamap
Remove ads

Komsomoletsøya (russisk остров Комсомолец; Ostrov Komsomolets) er øy i Severnaja Zemlja i Russland. Ho er den den tredje største av øyane og den nordlegaste av dei store øyane i gruppa. Ho er òg den 82. største øya på jorda.

Thumb
Komsomoletsøya.
Thumb
Plasseringa til Severnaja Zemlja.

Det nordlegaste punktet på øya heiter Kapp Arktis og er utgangspunkt for mange polekspedisjonar.

Arealet er estimert til 9 006 km². Det høgaste punktet på øya er 780 meter over havet. Om lag 65 % av øya er dekt av isbrear, medan resten hovudsakleg består av laus leirjord og sand. Den største isbreen i Russland ligg på Komsomoletsøya, Vitskapsakademibreen[1], som ligg 819 meter over havet på det høgaste og dekkjer 5 575 km² av øya.[2]

Jordsmonnet på øya består stort sett av laus leirjord og sand og ho er ein tundraørken med spreidd mose og lav.[2]

Øya vart først utforska og namngjeven av ekspedisjonen til Georgij Usjakov og Nikolaj Urvantsev i 1930 - 1932. I trå med dei andre øyane i gruppa kalla dei øya etter hendingar og rørsler frå den russiske revolusjonen i 1917. Denne øya vart kalla opp etter medlemmene i Komsomol, den kommunistiske ungdomsunionen.

Nordvest for Komsomoletsøya ligg nokre småøyar kalla Ostrova Demjana Bednogo.

Det er føreslått å endre namnet på øya til Svjataja Marija (St. Maria).

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads