Kondopoga
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kondopoga (russisk Кондопога, finsk Kontupohja, karelsk Kondupohju) er ein by i republikken Karelia i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Han ligg ved kysten av Kondopozjskajabukta i Onega, nær munningen av elva Suna, rundt 54 km frå Petrozavodsk.

Foto: Sergej Sverdlov (Сергей Свердлов)
I Kondopoga ligg nokre av dei største tremasse- og papirfabrikkane i Aust-Europa. Byen har òg jernbanestasjon på Moskva–Murmansk-banen, ein medisinsk høgskole og produksjon av byggematerial.
Byen er første gong nemnt så tidleg som 1495. Han fekk bystatus i 1938. Kondopoga har halde eit sjeldant monument over russisk tre-arkitektur — den 42 meter høgre Maria himmelfartskyrkja (russisk Успенская церковь–Uspenskaja Tserkov) frå 1774.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads