Konge av romarane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Konge av romarane (latinsk Romanorum Rex) vart nytta av dei tysk-romerske keisarane etter at dei hadde vorte stadfesta som keisarar, men før dei hadde vorte krona av paven. Tittelen må ikkje forvekslast med dei mytiske kongane av Roma.
Denne funksjonen byrja seint i den saliske perioden, men tittelen hadde allereie vorte brukt så tidleg som i ottoske tider, særleg av keisar Henrik II, då han erstatta tittelen konge av tyskarane (latin Rex Teutonicorum), som impliserte ein keisarleg rolle som på dette tidspunktet vart avvist av paven.
Han vart òg brukt som tittel for ein arving til keisartrona som vart vald medan keisaren framleis levde.
Etter kroninga som heilag romersk keisar (og nokre gonger før det) vart tittelen erstatta med det keisarlege semper Augustus («alltid Augustus», eller «alltid majestetisk», «alltid opphøgd», «alltid større», frå lat. augere).
Ikkje alle som vart vald til konge av romarane vart krona til keisar.
Remove ads
Dei følgjande var regjerande kongar av romarane, altså menn som styrte riket utan å vere underlagt ein annan herskar, men som ikkje enno hadde vorte krona til keisar.
Remove ads
Utpeikte arvingar
Det tysk-romerske riket var eit valrike. Ingen personar hadde ein lovleg rett til å ta over trona, sjølv om han var i slekt med den noverande keisaren. Keisaren kunne, og gjorde ofte det, han ein slektning (som regel son), som han valde til å etterfølgje seg etter han døydde. Denne utpeikte arvingen bar tittelen «konge av romarane». Valet av denne var på same måte som den eldre herskaren, og tydde teoretisk sett at dei to mennene var medregentar av riket.
Liste
Dei følgjande var underordna kongar til ein annan tysk-romersk keisar (vanlegvis, men ikkje alltid, for far sin).
Remove ads
Det første franske keisardømet
Då Napoleon I av Frankrike hadde ein son og arving, Napoleon II, fekk han tittelen konge av Roma.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads