Konrad Winkler
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Konrad Winkler (fødd 17. februar 1955) er ein tysk tidlegare kombinertløpar frå Neuhausen i Erzgebirge og som representerte Aust-Tyskland. Han vart verdsmeister i kombinert i 1978, fekk VM-sølv i 1982 og tok bronsemedaljen i vinterleikane både i 1976 og 1980.
Remove ads
Aktiv
Winkler vart i 1974 europameister i kombinert for juniorar. Året etter vart han nummer ni i øvinga både i Lahti og Holmenkollen. Under vinter-OL i Innsbruck i 1976 fekk han bronsen i kombinert bakom landsmannen Ulrich Wehling og sølvvinnaren Urban Hettich frå Vest-Tyskland. I 1977-sesongen vann han klare sigrar både i Lahti og i Svenska skidspelen i Falun.
Winkler var i 1978 tilbake i Lahti, der han vann gullmedaljen i kombinert under VM 1978. På dei to andre medaljeplassane kom Rauno Miettinen frå Finland og førnemnde Ulrich Wehling, ein rein kopi av sigerspallen under Lahti-spelen året i førevegen. To år seinare, under OL 1980 var rollene omsnudd for dei to austtyskarane; Wehling vann gullet og Winkler fekk bronsen, og mellom seg på resultatlista hadde dei ein finne, denne gongen var det Jouko Karjalainen som tok sølvmedaljen.
I 1981 kom Winkler på andreplass i kombinertrennet i Holmenkollen, slått av Jouko Karjalainen. Eitt år etter var han tilbake i Kollen-anlegga og det vart ein ny andreplass. Han og landsmannen Uwe Dotzauer kjempa jamsides i oppløpet med Tom Sandberg om å vinne VM-tittelen i kombinert under ski-VM 1982. Winkler slo Dotzauer med eit halvt sekund, men måtte nøye seg med sølvmedaljen, to tidels sekund bakom Sandberg.
Winkler la opp etter 1982-sesongen.
Remove ads
Kjelder
- Sportsboken, aktuelle årgangar
- (en) Konrad Winkler – Profil og resultatoversikt hos FIS
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads