Konsmo

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Konsmo er ei innlandsbygd i Vest-Agder, tidlegare eigen kommune. Konsmo er ein del av Audnedal kommune frå 1964.

Konsmo kyrkje er krossbygd (1802) med 400 plassar. Ho blei restaurert i 1952. I den kyrkjelege organiseringa er Konsmo eit sokn i Mandal prosti i Agder og Telemark bispedømme.

I Konsmo er det stiar frå barnevandringane i åra 1830 til 1910 haldne i hevd, og det er også reist ein skulptur for å minne om hardare tider med barnearbeid i Noreg.

Remove ads

Historie

  • 1837: Konsmo er ein del av Audnedal formannskapsdistrikt saman med Vigmostad, Spangreid og Valle.
  • 1844: Konsmo og Vigmostad blir skilt ut til Nord-Audnedal kommune.
  • 1911: Konsmo blir eigen kommune.
  • 1964: Konsmo blir del av Audnedal kommune saman med Grindheim og litt av Bjelland.


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads