Kopervik

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kopervik
Remove ads

Kopervik er ein tettstad (by) og eit sokn i Karmøy kommune i Rogaland fylke. Kopervik har òg vore ein bykommune og ein heradskommune.

Denne artikkelen handlar om byen i Noreg. For vika i Antarktis, sjå Koppervik.
Kjappe fakta Land, Fylke ...
Thumb
Karmøy rådhus i Kopervik
Thumb
Strømsund bru
Thumb
Kopervik kyrkje (2017)

Tettstaden Kopervik er kommunens administrasjonssenter og har 11 860 innbyggjarar per 1. januar 2024. Han ligg om lag midt i kommunen ved Karmsundet.

Remove ads

Kopervik sokn

Kopervik sokn har 8 555 innbyggjarar og tilhøyrer Karmøy prosti. Det blei oppretta 1855 ved frådeling av den sørvestre delen av Avaldsnes sokn.

Kopervik ladestad

Strandstaden Kopervik blei utskilt frå Avaldsnes kommune som ein ladestad (ein slags bykommune) i 1866. Den hadde då 737 innbyggjarar.[1] I 1965, etter nesten eit sekel, blei Kopervik ladestad oppløyst, og gjekk in i den nyoppretta Karmøy kommune. Ladestaden hadde då 1 737 innbyggjarar.

Kopervik (Stangaland) herad

Ladestaden Kopervik omfatta berre ein liten del av Kopervik sokn, og resten av soknet (landdistriktet) var framleis ein del av Avaldsnes kommune. Først i 1909 blei landdistriktet òg utskilt til eit eige herad (landkommune) med 1 001 innbyggjarar. Nemninga Kopervik herad blei i 1916 bytta til Stangaland herad for å unngå forveksling mellom dei to kommunane. I 1965 blei Stangaland herad oppløyst, og gjekk in i den nyoppretta Karmøy kommune. Heradet hadde då 2 678 innbyggjarar.

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for tidlegare Kopervik ladestad frå 1866 til 1965:

Meir informasjon 16.8.1866, 1.12.1920 ...

Sjå òg

Andre nettstader

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads