Koralar av Johann Sebastian Bach

Wikimedia-listeartikkel From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Denne lista over koralar av Johann Sebastian Bach består av 189 koralar av Johann Sebastian Bach som har fått numra 250–438 i Bach-Werke-Verzeichnis (BWV), Bach-katalogen av Wolfgang Schmieder. Det er mange koralharmoniseringar i kantatane, motettane og pasjonane til Bach og i samlinga hans Anna Magdalena Bachs notebok, men verka i denne lista er ikkje knytte til ei større verk eller større verk som er gått tapt. Nesten alle melodiane i desse koralane er ikkje komponerte av Bach, men går attende til eldre kjelder.

Ei anna velkjend samling av koralmelodiar er Schemellis Gesangbuch (Schemellis salmebok), eller Geistliche Lieder (heilage songar), publisert i 1736 av Georg Christian Schemelli (ca. 1678–1762). Desse er ikkje firdelte harmoniseringar som dei ein finn i denne lista, men koralmelodiar og ein basso continuo. Igjen er nesten ingen av desse melodiane heller komponerte av Bach.

Komponisten og musikkforskaren Johann Kirnberger (1721–1783) samla ei liste over koralpreludium, sjå BWV 690–713.

Remove ads

Historie

C.P.E. Bach publiserte med Breitkopf frå 1784 til 1787 ei firebindssamling av koralane til J.S. Bach, tilsynelatande 371 i alt, men i røynda 348. Om lag halvparten av dei har opphav i andre verk av Bach; den andre halvparten er presentert i tabellen under.

Før denne publikasjonen vart det gjeven ut fleire andre samlingar, mellom anna 100 koralar i 1765 av F.W. Birnstiel i Berlin, redigert av C.P.E. Bach. Eit andre bind av 100 koralar vart gjeven ut av same person i 1769, redigert av J.F. Agricola, som vart kraftig kritisert av C.P.E. Bach. I 1777 møtte Johann Kirnberger Breitkopf for å publisere eit samla sett med koralharmoniseringane. Manuskriptet som vart nytta høyrte ein gong til C.P.E. Bach, som selde det via Kirnberger til prinsesse Anna Amalia av Preussen. Etter Kirnberger døydde i 1783, vart C.P.E. Bach redaktøren til Breitkopfs for desse koralane, som han så publiserte i fire bind.

Remove ads

Koralar (BWV 250–438)

Meir informasjon Tittel, BWV ...
Remove ads

Kjelder

  • Denne artikkelen bygger på «List of chorale harmonisations by Johann Sebastian Bach» frå Wikipedia på engelsk, den 22. april 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Johann Sebastian Bach's Werke (BGA), Bach-Gesellschaft Leipzig, ed. Franz Wüllner, Breitkopf & Härtel, vol 39 (1892) og Schlußband (final volume) (1899).
    • Bach — 371 Harmonized Chorals and 69 Choral Melodies with Figured Bass, red. Albert Riemenschneider, G. Schirmer, NY, 1941.
    • Johann Sebastian Bach, 389 Chorals, Kalmus K06002, Belwin Inc, 15800 NW 48th Ave, Miami, FL 33014
    • J.S. Bach, Four-Part Chorals, Editio Musica Budapest, 1982, red. Imre Sulyok
    • The Bach Chorals[daud lenkje] av Margaret Greentree

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads