Korgen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Korgen
Remove ads

Korgen er administrasjonssenter i Hemnes kommune i Nordland. E6 går gjennom Korgen.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Korgen har skule, kyrkje, gjestegard, campingplass og fleire butikkar. Statkraft Helgeland har hovudkontor i Korgen. Det finst også to Spisnesbakeriar i sentrum av Korgen.

Remove ads

Etymologi

Tydinga til namnet Korgen er uvisst, men det kan ha samanheng ordet Korga=Vidjering, i så fall frå den bukta Røssåga gjer rundt staden.

Historie

Handelsstaden på Korgøyra vart grunnlagt av Ludvig Schultz Knoph i 1795, etter at han i 1787 hadde fått kongeleg løyve til å drive gjestgjeveri og bondehandel på staden.

Den tidlegare kommunen Korgen

Korgen var eigen kommune frå 1. juli 1918, då Korgen vart skild ut frå Hemnes kommune, til 1. januar 1964, då Korgen vart slått saman med Hemnesberget, den sørlege delen av Sør-Rana og ein del av Hattfjelldal til nye Hemnes kommune.

Remove ads

Sokn

Korgen er eit sokn i Hemnes prestegjeld. Korgen kyrkje vart bygd i 1863. Soknet omfattar den nedste delen av den gamle kommunen, med dalføra Leirskardalen og Bryggfjelldalen. Den øvste delen av det gamle heradet er Blekvasslia sokn.

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads