Kosiu

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Kosiu er ei elv i Republikken Komi i Russland og ei av sideelvane til Usa i nedslagsfeltet til Petsjora.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...

Ho er 259 km lang og har eit nedslagsfelt14 800 km². Ho frys til i slutten av oktober eller byrjinga av november og vert isfri att i mai.

Dei største sideelvane hennar er Vangyr, Store Sarjuga, Vesle Sarjuga, Kozjim og Store Inta.

Kosiu har utspring på vestsida av Uralfjella og renn nordvestover medan ho raskt tar til seg mange sideelvar. Ho renn først som ei lita fjellelv, men vert så 50-100 meter brei. Ho renn derimot òg gjennom fleire kløfter i stor fart. Etter å ha mottatt Vangyra snur ho nordover medan breidda vert lågare og skogkledd. Elva er her 100-150 meter brei. Etter å ha passert landsbyen Kozjymvom vert elva langt breiare, 200-500 meter, og elva renn brått mykje seinare.

Dei nedre delane av elva er framkommeleg for skipsfart.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads