Kosterbåt

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kosterbåt
Remove ads

Kosterbåter ein dekka, spissgatta bruksbåt som har vorte utvikla på Kosterøyane utanfor Strømstad i Sverige

Thumb
Gaffelrigga kosterbåt.

Kosterbåten er klinkbygd. Han er tilpassa dei vindfulle og grunne farvatna kring Kosterøyane. Han stikk grunt i vatnet. Nedste delen av skroget er smalt. Lenger opp har det stor breidde. Det gjer at båten toler seglpress godt. Originalt var kosterbåten rigga med gaffelsegl og kløverbom. Som fritidsbåt har han seinare vorte rigga med bermudarigg.

Båttypen var truleg utvikla av båtbyggaren Tomas i Kile på Sydkoster kring 1850. Seinare har båtbyggarar i same familien halde fram med å bygge kosterbåtar. Systersonen til Tomas i Kile, Hans Henriksson, og sonen Karl Hansson etterfylgde han som dyktige båtbyggerar.

Kosterbåtar har vorte brukte til jordomsegling.

Frå 1960-talet har kosterbåtar vorte serieproduserte i plast. Dei er å finne i storleikar mellom 6 og 10 meter.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads