Krageflagellat
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Krageflagellatar eller choanoflagellatar er ei gruppe fastsitjande protozoar med flagell. Dei er merkverdige mest på grunn av at dei vert rekna som den gruppa eincella organismar som er nærast i slekt med dei fleircella dyra, noko ein ser både via gensekvensar og ved å samanlikna dei med somme celler i svampedyr.
Remove ads
Levesett
Krageflagellatar finst både som reint eincella og i koloniar. Cellene er avlange med ein einskild flagell dei nyttar til å danna ein virvelstraum med. Denne straumen fører bakteriar og andre matpartiklar ned i kragen, som består av microvilli og fungerer som eit slags fiskegarn.
Dette er den same forma for organisering som ein ser i choanocyttcellene ein finn i svampar. Særleg tydeleg er likskapen i somme koloniale former. Dette har ført til at dei fleste biologar einast om at svampane stammar frå krageflagellatane, bortsett frå somme som trur det er omvendt - at krageflagellatane er sterkt reduserte svampar. DNA-analysar tyder på den første hypotesen.
Remove ads
Kjelder
- Brusca & Brusca: Invertebrates Sinauer 2002
- Hogg, Stuart: Essential Microbiology Wiley, 2005
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads