Krekling
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Krekling, krekebær eller kråkebær (Empetrum nigrum) er ein liten, eviggrøn plante i kreklingslekta i lyngfamilien. Han er kjend for bæra sine med same namn, som er blåsvarte og kan etast. Planten trivst i myrområde, høgfjell og i gran- og furuskog.

Krekling spreier seg utover i teppe, der buskane blir 10-25 cm høge og har mørkegrøn grunnfarge. Greinene og stenglane ligg nede på bakken eller bøyer seg litt oppover i endane. Blada er små, litt glatte/sukkulente, og sit i klasar langs mykje av stengelen. Dei nyaste skota er litt raudlege.
Blomane er små og raude, med tre gulgrøne begerblad og tre heilt raude kronblad. Ho- og hannplantane er separate.
I Noreg er arten svært utbreidd heilt opp til 1.800 m.o.h. I Nord-Noreg er bæra til krekling kjend som krøyk, krøkebær eller krykkjebær. Bæra har lite smak, men eigner seg godt til å laga saft eller gelé. Dei inneheld mykje vatn og kan vera god for tyrsten når ein er på tur.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads