Krementsjuk-reservoaret
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Krementsjukreservoaret (ukrainsk Кременчуцьке водосховище, Kremenchuts’ke Vodoskhovysjtsje) er det største reservoaret i Dnepr. Det er kalla opp etter byen Krementsjuk, og dekkjer i alt 2 250 km² i Poltava, Tsjerkasy og Kirovohrad oblast i det sentrale Ukraina. Reservoaret vart skapt i 1959 då Krementsjuk vasskraftverk vart bygd.
Reservoaret er 149 km langt, 28 km breitt og hare i middeldjupne på seks meter. I alt inneheld reservoaret 13,5 km³ vatn. Dei største byane ved reservoaret er Tsjerkasy og Svitlovodsk. Sula-elva munnar ut i reservoaret og dannar eit delta med mange øyar.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Kremenchuk Reservoir» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2012.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads