Krigserstatning

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Krigserstatning er oppgjerd i pengar eller naturalia mellom statar eller land etter ein krig. Det er den sigrande parten i krigen som krev skadebot frå den tapande parten for å kompensere for skadane og tapa som krigen har ført til for den sigrande parten, slik det er fleire døme på i dei siste hundre åra. Etter den fransk-tyske krigen i 1870–71 vart såleis Frankrike pålagt å betale fem milliardar gullfrancs i krigserstatning til Tyskland, og Versailles-traktaten etter den fyrste verdskrigen fastsette at Tyskland skulle erstatte all skade og tap som dei sivile i dei okkuperte landa hadde lidt. I 1945 vart det i Potsdamavtalen fastsette at Sovjetunionen og Polen skulle få i krigserstatning etter den andre verdskrigen industrielt utstyr frå den sovjetiske okkupasjonssona i Tyskland, og i tillegg somt industrielt utstyr og visse typar varer frå dei okkupasjonssonene som dei vestlege landa hadde i Tyskland.

Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads