Lakseroljeplante

planteart From Wikipedia, the free encyclopedia

Lakseroljeplante
Remove ads

Lakseroljeplante, oljeplante eller risinus (Ricinus communis) er ein fleirårig plante som mellom anna kan brukast til utvinning av ricinusolje eller lakserolje.[1] Planta er det einaste medlem av slekta Ricinus og av undertribusen Ricininae i vortemjølkfamilien.

Thumb
Lakseroljeplante
Kjappe fakta

I tropane kan planten vekse til store tre på opp til 12 meter. Blada vert opp til ca. 60 cm i diameter. Blomsterstandene består av små hann- og hoblomster som vert avløyste av store piggete frukter med 3 frø i kvar.

Frøa frå denne planten er kjende som kastorbønner. Olje vunne ut frå desse har mange bruksområde, blant anna i sjampo og balsam. Det giftige proteinet ricin kan også utvinnast frå planta, men er ikkje feittløyseleg, og finst ikkje i farlege mengder i olja.

Remove ads

Dyrking

I Noreg dyrkar ein som oftast planten som eittårig solitærplante, som kan verte ca. to meter høge på éin sesong. Lakseroljeplante kan òg dyrkast som fleirårig plante dersom han står frostfritt om vinteren.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads