Krit
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Krit eller skrivekrit er ein sedimentær bergart, ein kvit eller lys grå, jordaktig kalkstein som hovudsakleg består av kokkolittar og foraminiferskal. Krit er massiv, ofte med lag av flintknollar. Det er kjent frå den seinare delen av perioden krit i Storbritannia, Frankrike, Nord-Tyskland, Danmark ogRussland. Den noko fastare krit-kalksteinen opptrer mellom anna i Ekofiskområdet i Nordsjøen, der han er ein viktig reservoarbergart for olje og gass.
Namnet kjem av det latinske uttrykket som tyder «jord frå Kreta».

Krit blir brukt som skrivekrit, farge, pussemiddel, fyllstoff i industriprodukt, og som vanleg kalkstein.
Uttrykt «å ta på krita» kjem av ein skikk i eldre tider med å avmerke med krit på ei tavle når ein kjøpte utan å betale kontant i forretningar.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads