Kuban
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kuban (russisk Кубань, adygisk Псыж, Psyzj) er ei elv i Russland i Nord-Kaukasus. Ho renn gjennom Karatsjajevo-Tsjerkessia, Stavropol kraj, Krasnodar kraj og Adygia.
Kuban har ei lengd på 870 km og har kjelda si nær Elbrus i Kaukasus og munnar til slutt ut i Azovhavet. Elva har eit nedslagsfelt på 57 900 km². Nesten heile elva kan nyttast til skipsfart. Av byar langs Kuban finn ein Karatsjajevsk, Tsjerkessk, Nevinnomyssk, Armavir, Ust-Labinsk, Krasnodar og Temrjuk. Slavjansk-na-Kubani ligg faktisk ikkje ved Kuban, men ved elva Protoka.
Elva renn mellom anna gjennom Krasnordaskjoe-reservoaret. Det er bygd fleire vasskraftverk langs elva, som Kuban Kaskad, Zelentsjuskije, Kursjavskije, Barsutskovskije og Sengilejevskije GZS med ein total kapasitet på meir enn 620 MW.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads