Cunene
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Cunene (portugisisk stavemåte) eller Kunene (vanleg namibisk stavemåte)[1][2] er ei elv i sørlege Afrika. Ho renn frå høglandet i Angola sørover til grensa mot Namibia. Deretter renn ho vestover langs grensa fram til ho renn ut i Atlanterhavet.

Remove ads
Geografi
Cunene er ei av dei få vedvarande elvane i regionen. Ho er omkring 1050 km lang, med eit dreneringsområde på 106 560 km². Den gjennomsnittlege årlege vassføringa er 174 m³ til 222 m³/sek ved munningen. Epupafossen ligg ved elva. Olushandja-demningen demmer opp ei bielv til Cunene, Etaka, og hjelper til med å forsyna Ruacana-kraftverket med vatn.
Hovudstraumen har utspring ved 12 ° 30′ S, rundt 257 km i ei direkte linje frå havet ved Benguela. Elva renn generelt frå nord til sør gjennom fire breiddegrader, men strøymer til sist mot vest til havet gjennom eit brot i ytterkanten av høglandet.
Mellom munningen til dei to bielvene sine kryssar Cunene ei sumpete slette som er oversfløymd når det er høg vasstand og inneheld fleire små vatn andre delar av året. Frå denne sumpete region renn ulike greiner mot søraust. Kwamatuo, som forlet hovudstraumen kring 15° 8′ E, 17° 15′ S, renn ut i ei stor myr eller innsjø kalla Etosha, som ligg i ei senking i det indre høglandet på kring 1036 moh. Frå den søraustlege enden av Etosha-sjøen renn det eit vassdrag mot Okavango, der det under flaumar kjem noko vatn.
Vidare frå det sumpete område dreier Cunene mot vest og går ned til kystsletta med ei rekkje fossar.Den største av desse (17° 25′ S, 14° 20′ E) har eit fall på kring 100 meter. Elva blir mindre etter at ho passerer eit ørkenaktig område med lite eller ingen vegetasjon. Vassfaret er nokre gangar grunt og nedsenka, andre stader avgrensa til ein smal klippekanal. Nær havet kryssar Cunene eit område med sandbankar, og munningen er heilt blokkert ved låg vassføring. Elva renn ut i Atlanterhavet ved 17° 18′ S, 11° 40′ E. Det finst teikn på at ei tidlegare grein av elva ein gong rann ut i ei bukt mot sør.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads