Kurfyrstedømet Bayern
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kurfyrstedømet Bayern (tysk Kurfürstentum Bayern) var eit sjølvstendig kurfyrstedøme i Det tysk-romerske riket frå 1623 til 1806, då det vart etterfølgd av kongedømet Bayern.
Wittelsbach-dynastiet som styrte Bayern var den yngre greina av familien som òg styrte Kurpfalz. Overhovudet i den eldre greina var ein av sju kurfyrstar i Det tysk-romerske riket i følgje den gylne bullen av 1356, men Bayern var ekskludert frå kurfyrste-verdet. I 1621 vart kurfyrsten Fredrik V sett under keisarleg bannlysing for rolla si i Det bøhmiske opprøret mot keisar Ferdinand II og kurfyrste-verdet og territoriet til Øvre Pfalz vart gjeven til det lojale syskenbarnet hans, hertug Maximilian I av Bayern. Sjølv om Freden i Westfalen ville skape ein ny kurfyrstetittel for sonen til Fredrik V var det etterkomarane etter Maximilian som hadde det originale kurfyrste-verdet, med unntak av ein kort periode under den spanske arvefølgjekrigen, fram til linja hans døydde ut i 1777. Dei to slektene vart då slått saman i ein personalunion fram til slutten av Det tysk-romerske riket. I 1805, etter freden i Pressburg, opphøgde den dåverande kurfyrsten Maximilian Josef, seg sjølv til konge av Bayern og Det tysk-romerske riket vart avskaffa året etter.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Electorate of Bavaria» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mai 2011.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads