Kurt Nilsen
norsk musikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kurt Erik Nilsen (fødd 29. september 1978) er ein norsk songar, låtskrivar og internasjonal popstjerne frå Arna i Bergen.
Remove ads
Han vann den norske versjonen av Idol i 2003. Singelen «She's So High» gjekk rett opp på førsteplass på VG-lista og var den mestselgjande singelen i Noreg gjennom tidene. Songen vart òg kåra til årets låt under Spellemannprisen 2003. Debutalbumet I hadde mykje sjølvskrive materiale og vart ein ny suksess. Året etter vann han ein ny Spellemannpris for årets hit med songen My Street.
Kurt Nilsen vann World Idol-tittelen 1. januar 2004. Der slo han konkurrentar frå 10 andre nasjonar og fekk høgste poengsum hjå 10 av 11 nasjonar.
Kurt Nilsen er i tillegg vokalist og rytmegitarist i bandet Fenrik Lane.
Remove ads
Utgjevingar
Solo
Studioalbum
- 2003: I (norsk utgåve)
- 2004: I (internasjonal utgåve)
- 2004: A Part of Me
- 2007: Push Push
- 2008: Rise To The Occasion
- 2010: Have Yourself a Merry Little Christmas (saman med Kringkastingsorkestret)
- 2012: Inni En God Periode
- 2013: Live (Festkonserten i Bergen, 16. mai 2013)
- 2017: Amazing
Singlar
- 2003: «She's So High»
- 2004: «Here She Comes»
- 2004: «Before You Leave»
- 2004: «My Street»
- 2004: «Singing The Song»
- 2005: «When The Stars Go Blue» (saman med Venke Knutson)
- 2005: «Never Easy»
- 2007: «Push Push»
- 2008: «Rise To The Occasion»
- 2017: «Amazing» (saman med Broiler)
Gruppe
Fenrik Lane
Studioalbum
- 1998: Shoe (med bandet Breed - seinare Fenrik Lane)
- 2002: Come Down Here
Lind, Nilsen, Fuentes, Holm
Livealbum
- 2006: Hallelujah Live
- 2009: Hallelujah Live - Volume 2
DVD
- 2006: Hallelujah Live
Remove ads
Songkonkurransar
- 2003: Idol 2003 (vinnar)
- 2004: World Idol (vinnar)
Deltaking
- 2003: VG-lista Topp 20 (deltakar)
- 2008: VG-lista Topp 20 (deltakar)
- 2009: VG-lista Topp 20 (deltakar)
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads