Kvænangen kommune

kommune i Troms fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Kvænangen kommunemap
Remove ads

69°56′20″N 22°03′00″E Kvænangen kommune (nordsamisk Návuona suohkan, kvensk Naavuonon komuuni) ligg lengst nord i Troms fylke. Kommunen grensar mot Loppa kommune i nord, Alta i aust, Kautokeino i sør, Nordreisa i sørvest, og Skjervøy i vest. Kvænangen høyrer til regionen Nord-Troms.

«Kvænangen» omdirigerer hit. For fjorden kommunen har namn etter, sjå Kvænangsfjorden.
Kjappe fakta Land, Fylke ...

Namnet Kvænangen kjem av «kvæner» ('kvener') som er norsk for «finsktalande folk», og angr som er norrønt for «fjord».

Næringsverksemda i Kvænangen har lenge vore basert på primærnæringane jordbruk, skogbruk og fiske, men dei fleste sysselsette i kommunen arbeider no innan tenesteytande næring. Nye næringar som har hatt vekst i kommunen er fiskeoppdrett og turisme.

Kommunesenteret i Kvænangen er Burfjord. Næraste flyplass er Sørkjosen lufthamn i nabokommunen Nordreisa, med flyruter til Tromsø, Hammerfest og Kirkenes.

Remove ads

Historie

Kvænangen kommune vart oppretta i 1863, då han vart skilt ut frå Skjervøy kommune. Folketalet var då 2785. I 1965 vart Meilandsområdet på fastlandssida av Haukøysundet, med 12 innbyggjarar, overført frå Skjervøy til Kvænangen, og i 1972 gjekk eit ubygd område same vegen.

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for Kvænangen kommune frå 1875:

Meir informasjon 1.12.1920, 1.12.1930 ...
a Talet omfattar ikkje Meilandsområdet, som var del av Skjervøy kommune fram til 1965, då det vart overført til Kvænangen kommune. Dette området hadde då 12 innbyggjarar.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads