Kvamskogen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kvamskogen ligg i Kvam herad i Hordaland fylke. Eikedalen i Samnanger kommune vert stundom òg rekna med til Kvamskogen. Området har ikkje så mykje skog, og kan meir reknast som eit snøsikkert fjellområde med fleire skitrekk. Staden er eit hytte- og skiområde for folk i Hordaland, og Kvamskogen er Bergens store utfartstad spesielt vinterstid. Det er lange skiløyper til mellom anna Tveitakvitingen 1299 meter over havet. Det gamle stølsområdet i Mødalen, populært kalla Negerlandsbyen, er likevel staden skiturfolket føretrekkjer når dei skal gå kortare turar.
Ved Fossen bratte i Samnanger var det trefningar mellom tyske og norske styrkar under den andre verdskrigen.
Fylkesveg 49 går over platået. Det vart i 2007 lansert planar om å leggje vegen i ein tunnel frå Neteland i Kvam til Mørkhølen i Samnanger.
Remove ads
- Skildring av ein tur til Tveitakvitingen med bilete[daud lenkje].
- Kvam herad om Kvamskogen Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine..
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads