Kvanteteori
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kvanteteori er ein teori i fysikken som føreset at ei rekkje av eigenskapane til materien er kvantiserte, det vil sei at dei berre kan ha særskilde verdiar, som vert endra i sprang og ikkje på ein glidande måte, som til dømes temperatur kan. Kvanteteorien dannar grunnlaget for den moderne skildringa av atom og elementærpartiklar og for korleis atoma påverkar kvarandre i molekyl, krystall og andre komplekse system. Teorien blir inndelt i fleire disiplinar: kvantemekanikk, relativistisk kvantemekanikk, kvanteelektrodynamikk, kvantefeltteori og kvantestatistikk.
Remove ads
Kjelder
kvanteteori. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/kvanteteori
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads