Kvitsøy fyrstasjon
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kvitsøy fyrstasjon er eit fyr som ligg på Kvitsøy. Fyret har ei historie som går tilbake til år 1700, då Henrich Petersen sette på ei vippefyr i Ydstebøhamn. Fyret bestod av ei mast som hadde påmontert ei tverrvippe. I enden av denne var det festa ei «eldpanne» som vart fylt med kol og heist 6 meter over bakken. Ein modell av vippefyret står i dag like i nærleiken av det noverande fyrtårnet.
I 1829 vart vippefyret erstatta med eit 18 m høgt sekskanta fyrtårn med kolbluss på toppen. I 1859 vart tårnet gjort 7 m høgare og utstyrt med oljefyrt fyrbluss samt eit linsesystem. Toppen av fyret er no 45 m over havflata. Fyret har 2. ordens lysblinkapparat frå 1910 då lyktehuset vart fornya. I 1938 vart fyret elektrifisert, og i 1969 automatisert og avfolka. Fyret er i dag freda etter lov om kulturminne. Det går ein tursti opp til fyret og vidare ut til havet i vest.
Fyrtårnet er i dag det eldste steintårnet i landet som framleis er i bruk.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
- «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket.
- «Kvitsøy fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff
- Kvitsøy fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads