Kyse
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kyse eller køyse er ei hette med band ein kan knyte under haka. Kysa er eit hovudplagg som ikkje sit fast i andre klesplagg. Det dekkjer gjerne nakken og øyrene og toppen av hovudet, men ikkje panna. Det kan ofte vera vattert. Plagget er i dag særleg utbreidd blant småbarn, men kan også vera del av uniformer og tradisjonelle drakter.

Remove ads
Barnekyser
For barn kan ein bruka kyser til å halda hovudet varmt og til å pynta med. Det er til dømes vanleg å bruka kyse saman med dåpskjole.
- Baby med enkel kyse.
- Storhertuginne Tatjana Nikolajevna av Russia som baby i 1898, med dekorert kyse.
Kvinnekyser
I europeisk mote var det lenge eit kvinneplagg som fanst i ulike utformingar. Enkle kyser var vanlege blant bondefolk, medan damemote på 1800-talet kunne omfatta store kyser med brei brem framfor og på sidene, også kalla «kysehatt» eller «capote». Kvinnemoten gjekk seinare over til hattar før hovudplagg i stor grad forsvann i vestleg klesskikk. Kyser blir framleis brukt i ein del folkedrakter og blant mellom anna amishfolk. I ein del uniformer utforma for kvinner på 1800- eller 1900-talet, til dømes hjå sjukepleiarar og tenestejenter, blei kyse ein viktig del. Denne kysa blei med tida kraftig redusert i storleik, slik at ho gjerne enda opp som berre eit smalt tøystykke rundt hovudet.
- Tre kvinner med kyser. Teikning frå USA i 1884.
- Vallonsk kvinnekyse med brem (vallonsk hålete).
- Sjukepleiarar med kyser i Newtown i Australia rundt 1914.
- Sjukepleiar frå Thailand med forenkla kyse.
- Tenestejente med uniform som omfattar kyse. Amerikansk plakat frå rundt 1939.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads