Lítla Dímun
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lítla Dímun (uttale på færøysk ['luitla 'duimun], dansk Lille Dimon) er den minste av dei 18 øyane som utgjer Færøyane. Øya har ikkje fast busetnad.
- Flatevidd: 0,8 km²
- Innbyggjarar: 0
- Fjell: Rávan, 414 m

Lítla Dímun høyrer historisk og geografisk saman med naboøya Stóra Dímun. Adminstrativt høyrer øya til kommunen Hvalba på Suðuroy.
Namnet Dímun kjem truleg frå eit keltisk språk. Tydinga var to haugar, med tanke på dei to Dimun- øyane.
Lítla Dímun har truleg aldri vore fast busett av menneske. På øya finn ein mange lundefuglar og sauar. Sauehaldet er omtala alt i Færingesogene.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- NGS.fo - Planteliste Lítla Dímun Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine. (færøysk - botanisk)

Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads