Lørenskog kommune
kommune i Akershus fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lørenskog er ein kommune i Akershus fylke. Kommunen grensar i nord mot Lillestrøm kommune, i aust til Rælingen, i sør til Enebakk og i vest til Oslo. Motivet i kommunevåpenet er eit vasshjul.[1]
Kommunen blei skild ut frå Skedsmo som eigen kommune i 1908.[2] På den tida var Lørenskog mest kjent for ei stor del romanifolk (taterfolk) som budde der[3] og som hytteområde for Oslo-folket. Kommunen hadde 40 000 innbyggere i 1. kvartal 2019.[4]

Foto: Bernt Rostad
Kommunen har eit areal er på 71 km². Store delar av kommunen i sør omfattar lørenskogdelen av den utbyggingsvera Østmarka. Dei aller fleste innbyggjarane bur derfor nord i kommunen. Gardsbruk tek opp plassen imellom. Kommunen har gått frå å vera ein jordbrukskommune til å bli ein urban forstad til Oslo. Tendensen skaut fart på 1980-talet, då kommunen fekk bygga både dagens Lørenskog Storsenter (Triaden) og Metro-senteret som trekk til seg kundar frå heile Oslo og Romerike-distriktet.
Remove ads
Kjende personar frå Lørenskog
- Elisabeth Granneman (1930-1992), revyartist
- Rolf Løvland (f. 1955), komponist
- Henning Berg (f. 1969), fotballspelar
- Thomas Alsgaard (f. 1972), skiløpar
- John Carew (f. 1979), fotballspelar
- Marte Huke (f. 1974), lyrikar
- Marit Larsen (f. 1983), popartist
- Marion Ravn (f. 1984), popartist
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads