El Aaiún

From Wikipedia, the free encyclopedia

El Aaiún
Remove ads

El Aaiún (arabisk العيون, translitterert al-ˁūyūn, 'Kjeldene', også skrive Aaiún, Aiún, Al-Aaiún, Laâyoune og Layonn) er ein by i Vest-Sahara grunnlagt av Spania i 1928.[1] Sidan 1976 har byen vore administrert av Marokko,[2] som reknar Vest-Sahara som del av sitt territorium. El Aaiún høyrer til den marokkanske regionen Laâyoune-Boujdour-Sakia El Hamra, som ligg i både Marokko og Vest-Sahara. Polisario, som gjer krav på Vest-Sahara som Den saharawiske arabiske demokratiske republikken, reknar El Aaiún som hovudstad i landet, medan de facto hovudstad er Bir Lehlou.

Kjappe fakta Land, Region ...

Byen har eit folketal på 199 476 (2012 est.),[3] og er den største byen i Vest-Sahara. Byen er eit veksande økonomisk senter i det Marokko reknar som sine sørprovinsar. Innbyggjarane er ei blanding av marokkanarar frå nord, saharawiar frå sørleg marokkansk Sahara og innfødde vestsahararar (som utgjer ein femtedel av befolkninga).[4]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads