Lakselv lufthamn, Banak

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lakselv lufthamn, Banak
Remove ads

Lakselv lufthamn, Banak (IATA: LKL, ICAO: ENNA) er ei sivil lufthamn som er eigd og driven av Avinor. Ho ligg i Porsanger kommune i Finnmark fylke, med køyretid på 5 min. frå Lakselv sentrum, og 74 kilometer frå Karasjok.

Kjappe fakta IATA, ICAO ...
Remove ads

Historie

Lufthamna vart i fyrsten etablert som feltflyplass for Hærens flygevesen i 1938, med ei lita grusstripe, den gongen på tvers i høve dagens rullebane. Den gamle stripa er enno synleg som eit område med lite vegetasjon og hadde omtrentleg baneretning 11/29.

Under andre verdskrig vart flyplassen kraftig bygd ut av tyske styresmakter, med blant anna hangarar, verkstad og sjukehus i tillegg til stillingar for forsvar. Bygningar og installasjonar vart øydelagt av okkupantane da dei trekte seg tilbake i 1944.

Etter krigen tok Luftforsvaret over, men plankedekket på rullebanen vart kannibalisert grunna materialmangel under atterreisinga. Frå 1951 var rullebanen ubrukeleg og aktiviteten fekk eit opphald.

I 1963 vart lufthamna opna att med ny rullebane, som i ettertid har vorten utvida og oppgradert fleire gonger for å tilfredsstille militære og sivile behov. Ein del av dette vart finansiert av NATO, gjennom det såkalla infrastrukturprogrammet. Nyopninga var også starten på sivil rutetrafikk til Lakselv, som vart innlemma i rutenettet samtidig med Alta lufthamn og Kirkenes lufthamn, Høybuktmoen.

Remove ads

Destinasjonar og ruter

Lufthamna er i dag sivilt betent av Widerøe med daglege avgangar til Tromsø og to dagar i veka til Oslo, mens luftforsvaret er representert med Stasjonsgruppe Banak. Om sommaren er lufthamna brukt til charterflygingar, og sommaren 2006 starta SAS sesongrute til Oslo lufthamn, Gardermoen.

Meir informasjon Flyselskap, Destinasjonar ...

Trafikk

I 2005 vart lufthamna brukt av knapt 53 000 passasjerar, fordelt på drygt 3 500 flyrørsler, inkludert transit og internasjonale flygingar. Sjølv om lufthamna har låge passasjertal, er ho likevel definert som mellomstor lufthamn av Avinor.

Lokaliseringa, det militære nærværet og ein av landets lengste rullebaner gjer at lufthamna tidvis får eksotisk besøk. Så seint som 22. mars 2006 var eit av dei største serieproduserte flya i verda, eit Antonov An-124, innom.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads