Laksforsen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Laksforsen er eit 17 meter høgt fossefall i elva Vefsna i Grane kommune i Nordland fylke. Fallet ligg om lag 20 km nord for Trofors. Vassføringa ligg på 700 m³ vatn pr. sekund.
Fossen ligg like ved E 6, som gjer han til ein mykje besøkt turistattraksjon. Fossefallet vart besøkt av 80 000 personar i 2004.
Laksetrappa opp fossen er stengd for å hindre gyrodactylus-smitta laks å komme seg vidare opp i vassdraget.
Remove ads
Kjelder
«Laksfossen» i Store norske leksikon, snl.no.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads