Lamía

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lamíamap
Remove ads

Lamía (gresk Λαμία) er ein by i periferieininga Fthiotida i Sentral-Hellas i Hellas. Han er hovudstad i både periferien Sentral-Hellas og periferieininga.

Meir informasjon Lamía Lokalt namn Λαμία, Geografi ...
Remove ads

Historie

Området har vore busett sidan år 4000 fvt., men vart først nemnd etter eit jordskjelv i 424 fvt. då han var ein viktig spartansk militærleir. Han vart okkupert av Aleksander den store. Atenarne gjorde opprør etter hans død og etterfølgjaren hans Antipatros tok tilflukt i dei omfattande bymurane rundt byen (den lamiske krigen 323–322 fvt.). Krigen enda då generalen til dei athenske troppane, Leosthenes, døydde og 20 000 soldatar frå den makedonske hæren kom til området. Lamía blømde på 200-talet fvt. under eit aetolisk hegemoni, som enda då Manius Acilius Glabrio plyndra byen i 190 fvt. Lamía vart ein del av Hellas i 1829, og vart då ein grenseby mot Det osmanske riket.

Remove ads

Administrativ inndeling

Thumb
Den tidlegare kommunen Lamía, no kommunaleininga Lamía

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei fem tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen 66 657 innbyggjarar, medan kommunaleininga Lamía hadde 58 289 og tettstaden med same namn 47 529 innbyggjarar.[1]

Remove ads

Byar og tettstader

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Meir informasjon Tettstad, Kommunaleining ...

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kjelde

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads