Langvatnet i Vefsn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Langvatnet (sørsamisk Guhkiesjaevrie) er ein langstrekt innsjø i Vefsn. Langvatnet er oppdemt og gjev drikkevatn til delar av Vefsn med Mosjøen. Frå Langvatnet renn elva Skjerva som har sine kjelder i vatna på Reinfjellet.
Langvatnet er òg namnet på garden som ligg for nordenden av vatnet, synst i Austerbygda i Vefsn kommune. Garden Langvatnet ligg 297 moh. Han fekk vegsamband til Mosjøen midt på 1960-talet. Til byen er det om lag 12 km etter kommunal veg og fylkesveg 249.
Langvatnet hadde tidlegare kaffiservering på søndagar i skisesongen, ein tradisjon eigarane har teke opp att i nyare tid. Frå Mosjøen er det ei snau mil på ski over Mosåsen. Langvatnet er eit høveleg utgangspunkt for skiturar til Tolvtuva på Reinfjellet.
Remove ads
Kjelder
- Kartblad 1926 IV i serie M711
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads