Lara Gut-Behrami
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lara Gut (fødd 27. april 1991) er ein sveitsisk skirennar frå Comano i kantonen Ticino. Ho vann to sølvmedaljar under VM i alpint 2009 og fekk sitt tredje VM-sølv i Schladming i 2013. Under vinter-OL 2014 tok ho bronsmedaljen i utfotrennet.
Remove ads
Aktiv
Gut er best i øvingane utfor og super-G. Ho vart tidleg rekna for å vere eit av dei største alpintalenta nokon gong. I 2007 vart ho sveitsisk mester i super-G, knapt 16 år gammal.
Ho debuterte i verdscupen i alpint 28. desember 2007 i eit storslalåmrenn i Lienz. 2. februar 2008 i St. Moritz kom ho i sitt første utforrenn i verdscupen på tredjeplass. Sesongen etter, den 20. desember 2008, vann ho sitt første verdscuprenn då ho gjekk til topps i super-G-rennet i Haus im Ennstal, framom landsmannen Fabienne Suter.
I verdsmeisterskapen i alpint 2009 i Val-d'Isère vann Gut to sølvmedaljar. I utfortevlinga vart ho berre slått av Lindsey Vonn, medan ho i den alpine kombinasjonen vart overgått av Kathrin Zettel frå Austerrike. Sist i september 2009 skadde ho seg under trening i Saas-Fee og deltok ikkje i alpinløypene i OL-sesongen 2010.
På nyåret 2011 tok Gut sin andre siger i verdscupen då ho vann eit super-G-renn i Zauchensee. Under VM i alpint 2011 i Garmisch-Partenkirchen kom ho på fjerdeplass både i utfor og i super-G. Ho gjorde sin beste sesong i totalverdscupen då ho kom på tiandeplassen, som beste sveitsiske kvinnelege utøvar.
Den 5. februar 2013 tok Gut sølvmedaljen i super-G-tevlinga, opningsrennet i ski-VM i alpint i Schladming. Ho vart slått av Tina Maze frå Slovenia med 0,38 sekundar. I 2014 vann ho bronsemedalje i utfor under OL i Sotsji.
Verdscupsigrar
OL-resultat
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- (en) Lara Gut-Behrami – Profil og resultatoversikt hos FIS
- Lara Gut si heimeside
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads