Måsefamilien

fuglefamilie From Wikipedia, the free encyclopedia

Måsefamilien
Remove ads

Måsefamilien, Laridae, er ein biologisk familie av måsar, terner og saksenebbar som tilhører ordenen vade-, måse- og alkefuglar. Artane i familien førekjem over heile verda, men i liten grad ved Antarktis. Mange artar i familien er kystfuglar, men nokre artar lever i innlandet, i elvar, innsjøar og på våtmarker, men somme er òg periodevis knytt til menneske. Dei to måsane i slekta Rissa, krykkje og raudfotkrykkje, samt sabinemåse kan treffast på opent hav.

Kjappe fakta

Artane i denne familien har symjehud på føtene og nebbet manglar cere, vokshud på overnebbet. Nasebora er på eller over midten av nebbet. Horndekket på nebbet er ikkje delt slik som hos stormfuglar. I absolutt eit fleirtal av artane er kjønna like. Fjørdrakta hos dei fleste artene av terner og måsar er vanlegvis hovudsakleg kvit og grå med innslag av svart, men somme har mørke fjørdrakter. Sommardrakter vil ofte avvike frå vinterdrakta. Ungfuglar har varierande grad av spraglete brun og grå fjørdrakt.

Remove ads

Oversyn over slekter

Thumb
Ørkenmåse, Leucophaeus modestus
Foto: Dick Culbert
Thumb
Dvergterne, Sternula albifrons
Foto: Agustín Povedano
Thumb
Langnebbterne, Thalasseus elegans
Foto: Kevin Cole
Thumb
Inkaterne, Larosterna inca
Foto: Cristóbal Alvarado Minic
Thumb
Kaliforniasvartbak, Larus occidentalis
Foto: Wikimedia-brukar Dori

Måsefamilien (Laridae), underfamiliar og slekter i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[1] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[2] Underfamiliar er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[3]

Anoinae, noddyar

  • Slekt Anous, fem tropiske noddyar, verdsomspennande distribusjon

Gyginae, silketerne

  • Slekt Gygis, silketerne, Gygis alba, lita, kvit terne med utbreiing på øyar i tropiske hav

Larinae, måsar

  • Slekt Creagrus, svalestjertmåse, Creagrus furcatus, endemisk for Galapagosøyane
  • Slekt Rissa, krykkje langs kystar av nordlege Atlanterhavet og Stillehavet, samt raudfotkrykkje i Beringhavet
  • Slekt Pagophila, ismåse, Pagophila eburnea, sirkumpolar i Arktis, på pakkis eller ved kanten
  • Slekt Xema, sabinemåse, Xema sabini, sirkumpolar i Arktis
  • Slekt Chroicocephalus, elleve relativt små måsar, dei fleste med hette. Slekta er vidt distribuert i alle verdsdelar unntatt Antarktis
  • Slekt Hydrocoloeus, dvergmåse, Hydrocoloeus minutus, oppstykka leveområde i Eurasia inkludert vestlege og sørlege Europa. Avgrensa i N-Amerika
  • Slekt Rhodostethia, rosenmåse, Rhodostethia rosea, lever i arktis, nordlege Amerika, Grønland og nordaustlege Sibir
  • Slekt Leucophaeus, fem måseartar i «den nye verda», fleire med relativt mørk fjørdrakt
  • Slekt Ichthyaetus, seks måsar i «den gamle verda»
  • Slekt Larus, 24 store kvithovuda måsar, vidt spreitt, dei fleste på den nordlege halvkula, alle dei vanlege måseartane i Noreg er Larus-måsar: svartbak, sildemåse, gråmåse, fiskemåse

Rynchopinae, saksenebbar

  • Slekt Rynchops, tre artar saksenebbar, terneliknande fuglar i tropisk og subtropisk Amerika, Afrika og Sør-Asia

Sterninae, terner

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads