Larry Myricks

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Larry Myricks (fødd 10. mars 1956) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar som utmerkte seg i lengdehopp, men òg var ein framifrå sprintar. Han vann bronsemedaljen i lengde i VM 1987, OL 1988 og VM 1991.

Kjappe fakta
Remove ads

Karriere

Myricks var ein av favorittane i lengdehopp før Sommar-OL 1976, men braut ankelen straks føre leikane. Sommaren 1979 sette han personleg rekord med eit hopp på 8,52 meter, årsbeste i verda. Tre år seinare forbetra han denne til 8,56 m i tyske Rhede. Ved dei olympiske sommarleikane i Los Angeles i 1984 enda han på fjerdeplassen i lengde-tevlinga. Få veker etter OL var han tilbake i Rhede, der han med 8,59 m pynta på sin personbeste.

Myricks nådde 8,42 meter i VM-finalen 1987 i Roma, eit hopp som plasserte han som nummer 4 i tevlinga. I ettertid kom det fram at måledommarane hadde juksa med målinga av italienaren Giovanni Evangelisti sitt bestehopp, og Myricks vart sidan tildelt bronsemedaljen. Same hausten forbetra Myricks den personelge rekorden til 8,66 meter i eit stemne i Tokyo. 18. juli 1988 presterte livsbeste 8,74 meter i Indianapolis. Også under Sommar-OL i Seoul kom Myricks på bronseplass.

35 år gammal deltok han i den kanskje mest legendariske lengde-tevlinga i friidretts-soga. I verdsmeisterskapen i Tokyo 30. august 1991 sletta Mike Powell, med eit hopp på 8,95 m, den legendariske verdsrekorden til Bob Beamon. Også Carl Lewis, med sine 8,91 m, hoppa lengre enn Beamon. Med sine 8,42 meter tok Myricks bronsen og syrgde for USA-amerikansk storeslem.

Myricks var ein elles framifrå 200-meterløpar. I 1983 sprang han livsbeste 20,03 sekund i Indianapolis. Ved VM i friidrett 1983 rauk han ut allereie i forsøket.

Doping

I 1990 var Myricks utestengd for å ha brukt dopingmiddelet fenylpropanolamin.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads