Lastetraktor

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lastetraktor
Remove ads

Lastetraktor (eller lassberar) er ein skogsmaskin som vert bruka til å køyre tømmer ut av skogen og fram til ein lunningsplass for vidare transport med tømmerbil.

Thumb
Ponnse lastetraktor med fullt lass ved Drevvatnet i Vefsn
Thumb
Timberjack lastetraktor
Thumb
Rottne lastetraktor.

Utstyr og teknikk

Ein lastetraktor er utstyrt med førarhytte, tømmerkran og lasteplass for tømmeret. Han er konstruert for å gje minst mogleg skade på marka ved framkøyringa.

Han vert styrt med rammestyring, og har tre eller fire akslingar, to av desse under lasteplassen. Hjulgangen under tømmerlasset vert ofte utstyrt med belter, og det er til vanleg drift på alle hjula.

Krana kan vere teleskopisk for betre rekkevidd. Lastetraktorar finst i ulike storleikar for ulike driftsformål, bestandsgåande maskiner er gjerne smalare enn dei som er konstruert for ordinær sluttavvirking.



Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads