Laval i Frankrike

From Wikipedia, the free encyclopedia

Laval i Frankrikemap
Remove ads

Laval er ein by og kommune nordvest i Frankrike. Han er préfecture i departementet Mayenne, og ligg på grensa mellom Bretagne, Normandie og Anjou. Byen har om lag 50 000 innbyggjarar, og desse vert kalla Lavallois.

Kjappe fakta Land Region Departement, Flatevidd ...
Remove ads

Geografi

Laval ligg ved elva Mayenne i regionen Pays-de-la-Loire, rundt Loiredalen. Han er senter for eit storybområde med om lag 100 000 innbyggjarar.

Historie

Herrane av Laval er frå eit dynasti som har sett spor etter seg i fransk historie. Den «gamle gata» var i fleire hundreår hovudvegen inn i Bretagne.

Etter Hundreårskrigen (1337 til 1453), då byen hadde skifta eigarar fleire gonger, fekk byen ein oppsving, og herrane i byen brukte store summar på å bygge nye, flotte bygg og bustadar. Byen nådde eit høgdepunkt på 1800-talet då linfabrikkar og støyperi sprang opp i byen . Under den første verdskrigen vart mange av innbyggjarane sende ut i krigen, og kom aldri att, noko som hindra vidare utvikling av byen.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Laval i Frankrike
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads