Le Corbusier
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Le Corbusier (6. oktober 1887–27. august 1965) er kunstnarnamnet til den sveitsiske arkitekten og formgjevaren Charles-Edouard Jeanneret, ein av dei sentrale skikkelsane innan modernismen. Han hadde evne til å arbeida på alle nivå, frå formgjeving av møbel til byplanlegging.
Charles-Edouard Jeanneret blei fødd i La Chaux-de-Fonds i Sveits. Han lærte først å bli gravør av klokkar som faren, men studerte seinare arkitektur. Jeanneret reiste mykje rundt i Europa, der han mellom anna fekk auga opp for armert betong som byggemateriale. I 1917 flytta han til Paris og tok kunstnarnamnet Le Corbusier.

Remove ads
- 1912: Villa Jeanneret i Paris
- 1928: Villa Savoy i Poissy-sur-Seine utanfor Paris
- 1923: Villa LaRoche i Paris
- 1924: Pavillon de l'Esprit Nouveau i Paris (øydelagd)
- 1947–1952 : Bustadblokka Unité d'Habitation i Marseille
- 1949–1952: SN-hovudkvarteret i New York
- 1952–1959: Planlegging og bygg i Punjab-hovudstaden Chandigarh
Bakgrunnsstoff

Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads