Lekafjorden
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Lekafjorden er ein fjord i Leka og Nærøysund kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 20 km nordaustover langs austsida av øya Leka.
I sør startar fjorden som ei fortsetjing av Risværfjorden mellom Edøyan i sør og Solsemholmen i nord. Fjorden går først austover mellom øya Dolma i sør og Madsøya i nord. Like aust for Dolma ligg Gulholmen og frå her går Årsetfjorden søraustover, medan Lekafjorden snur nordaustover på austsida av Madsøya. Nord for Madsøya ligg Husby. Frå her går det ferje over til Sør-Gutvika på Austra i aust. Fjorden endar i nord mellom Skeisneset i vest og Stongsholmane i aust. 65°1′44.306″N 11°37′56.863″E
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads