Leksvik kyrkje

kyrkje i Indre Fosen From Wikipedia, the free encyclopedia

Leksvik kyrkje
Remove ads

Leksvik kyrkje er ei tømra kyrkje frå 1667. Ho står sentralt plassert ved gardane Røstad ikkje langt frå Leksvik sentrum i Indre Fosen kommune i Trøndelag fylke.

Kjappe fakta Kyrkjesamfunn, Bispedøme ...
Remove ads

Historie

Kyrkja vart bygd i 1667 av furutømmer.

På 1850 og 1860-talet vart kyrkja ombygd innvendig. På denne tida hadde ikkje folk særleg interesse i eldre utstyr, måleri eller historisk materiale. Derfor vart mykje av kyrkjeinventaret tatt bort eller øydelagt.

På 1950 og 1960-talet vart kyrkja restaurert på nytt. Da vart noko av det gamle kyrkjeinventaret, som hadde vore gøymt bort i 80 år, teke fram og sett inn i kyrkja att.

Oversikt over prestar ved Leksvik kyrkje

  • Thorfin
  • Morten
  • 1621-1648: Oluf Eriksen
  • 1648-1957: Isak Johansen (Første prest ved den nye Leksvik kyrkje)
  • 1657-1671: Iver Olufsen
  • 1672-1697: Søren Kristofersen Røg
  • 1697-1704: Peder Sivertsen Hoff
  • 1704-1716: Petter Surland
  • 1716-1731: Andreas Nilsen
  • 1731-1737: Hans Ever-Oppidan
  • 1738-1749: Jens Danielsen Hveding
  • 1748-1757: Andreas Bernhoft
  • 1757-1777: Hans Thode
  • 1777-1781: Ferdinand Ulrik Trøi
  • 1781-1784: Hans Thode
  • 1784-1792: Morten Jelstrup
  • 1792-1811: Lund
  • 1812-1820: Schønheyder
  • 1819-1824: Holger Halling Schjødt
  • 1824-1832: Christian Bernstroff Bødtker
  • 1833-1842: Johan Albricht Carl Dons
  • 1843-1852: Christopher Winter Scheen
  • 1852-1864: Niels Andreas Bjørn
  • 1864-1877: Bertel Langballe Hartmann
  • 1877-1888: Carl Ludvig Møller
  • 1888-1914: Lars Johansen Wormdahl
Remove ads

Prestegarden

Ved Leksvik kyrkje står prestegarden, som vart bygd i 1890. Det var presten sjølv, Lars Johansen Wormdahl som var arkitekt og finansierte bygginga av prestegarden. Det var han som stod bak rivinga av den gamle prestegarden som hadde stått der sidan 1680-talet. Før den tid hadde det stått endå ein prestegard på same tomta. Han brann ned i 1686, og ein ny prestegard vart bygd like etterpå.

Galleri

Kjelder

  • Redaktør: Alf Henry Rasmussen Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Leksvik kirke», s. 248

Bakgrunnsstoff


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads