Leopard
pattedyrart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Leoparden (Panthera pardus) er ein art i slekta store kattedyr. Leoparden er det mest tilpasningsdyktige av dei store kattedyra. Han lever overalt frå dampande tropisk regnskog og tørre savannar i Afrika til over tregrensa i Himalaya. Best trivst han når han har tilgang på tre å sova i og jakta frå.
Heilt svarte leopardar blir kalla pantrar.

Remove ads
Skildring
Leopardar har ei kroppslengd på 100-190 cm og veg mellom 30 og 70 kg. Hannen er om lag 50% større enn hoa. Det mest karakteristiske kjenneteiknet til leoparden er den flekka pelsen, sjølv om nokre (panterar) er heilt svarte.
Utbreiing
Leoparden lever i heile Afrika sør for Sahara, i tillegg til sør på den arabiske halvøya, India, Kina og søraust-Asia. Tidlegare fann ein dei òg så langt nord som den russiske grensa mot Nordishavet. Når det kjem til habitat er leopardane meir tilpassingsdyktig enn noko anna kattedyr i den gamle verda; då ein kan støyta på dei frå halvørken til tropisk regnskog til høgfjell og alt i mellom.
Remove ads
Åtferd
Leoparden er ein einsam, nattaktiv jeger som følgjer den same teknikken som dei fleste andre kattedyra: Han ligg på lur eller snik seg inn på byttet før han avsluttar med nokre raske byks. Han utmerker seg òg som ein dyktig klatrar, og lagrar ofte bytte i tre for å unngå at det vert teke av åtseldyr. Leoparden går vanlegvis på små til mellomstore dyr og fuglar, noko som skil han frå dei andre store kattedyra i slekta Panthera.
Kjelder
- Verdens dyr, Cappelen 1985
Bakgrunnsstoff
- (en) leopard i Encyclopedia of Life
- (en) leopard i Global Biodiversity Information Facility
- (en) leopard hos Fossilworks
- (en) leopard hos ITIS
- (en) leopard hos NCBI
- (en) Kategori:Panthera pardus – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Panthera pardus – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Panthera pardus – detaljert informasjon på Wikispecies
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads