Let's Call It Quits
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
«Let's Call It Quits» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1976 som den andre singelen frå det sjette studioalbumet deira Nobody's Fools.[2] Songen var skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Han nådde 11. plassen på den britiske singellista og låg sju veker inne på lista.[3] Det vart den siste topp 20-singelen til Slade i Storbritannia dei neste fem åra.[4] Som føregangaren sin nådde han 11.-plassen på lista.[5]
Bandet vart saksøkt av den amerikanske musikaren Allen Toussaint sidan han meinte songen var for lik hans eigen «Brickyard Blues» frå 1973. Lea påstod han aldri hadde høyrt songen, men bandet kom til semje utafor retten og gjekk med på å gje Toussaint halvparten av honorara for songen som låtskrivar. I eit fanklubbintervju frå 1986 sa Lea: «Me hadde eit søksmål mot oss for 'Let's Call It Quits' fordi han høyrdest ut som ein song kalla 'Brickyard Blues', ein song eg aldri har høyrt verken før eller sidan.»[6]
B-sida til singelen var «When the Chips Are Down», ein song som var eksklusiv for singelen og som seinare kom ut på samleplata B-Sides i 2007.
Det vart filma ein musikkvideo til singelen, der bandet speler songen i eit rom med svarte og kvite ruter på golvet som er omgjeve av speglar.[7][8] I Storbritannia framførte bandet songen på TV-showa Supersonic og Jim'll Fix It.[9]
Remove ads
Innhald
- 7"-singel
- «Let's Call It Quits» - 3:30
- «When the Chips are Down» - 4:16
Salslister
Medverkande
- Slade
- Noddy Holder - solovokal, gitar
- Dave Hill - sologitar, korvokal
- Jim Lea - bass, korvokal
- Don Powell - trommer
- Andre medverkande
- Chas Chandler - produsent
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads